FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ nynorsk.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk redaktørpris 2008 til sjefredaktørane Bjerketvedt (NTB) og Haugen (NPK)

 (09.10.2008)

Nynorsk redaktørpris for 2008 går til sjefredaktør Arne Sigurd Haugen i Nynorsk Pressekontor og sjefredaktør og administrerande direktør Pål Bjerketvedt i Norsk Telegrambyrå. Dei to får prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen.

- Samarbeidet er strategisk svært viktig for nynorsk som mediespråk. Det gir styrke og gode vilkår for å oppfylla føremålet om å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar. Mediemållaget ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken.

Grunngjeving
Arne Sigurd Haugen og Pål Bjerketvedt får prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB, som tok til å gjelda frå 1.1.2007, og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen. Samarbeidet er strategisk svært viktig for nynorsk som mediespråk.

I lag utviklar dei to føresetnadene for å oppretthalda eit godt nasjonalt byråtilbod på nynorsk. For samarbeidspartnarane gir dette styrke og gode vilkår for å oppfylla føremålet om å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk.

Nyheiter på nynorsk, gjennom Nynorsk Pressekontor, inngår også i NTBs ambisjon om å levera mest mogleg innhald til flest moglege medium. Det aukar volumet og differensieringa av nyheitsprodukt. Slik går marknadsstrategi og språkleg mangfald hand i hand.

Om prisvinnarane
Pål Bjerketvedt har vore sjefredaktør og administrerande direktør for Norsk Telegrambyrå sidan november 2004. Han har tidlegare hatt tilsvarande stilling i Østlendingen, Østlandets Blad, Avisenes Pressebyrå og Gjengangeren.

Arne Sigurd Haugen har vore sjefredaktør og dagleg leiar for Nynorsk Pressekontor sidan 2005. Han var konstituert redaktør i NPK frå 2002, og vaktsjef, nyheits- og nettredaktør i Nationen i perioden 1993-2002. Haugen har også arbeidd som journalist i Drammens Tidende/Buskerud Blad, Fremtiden, Dagbladet og VG.

Jury for årets redaktørpris har vore styret for Mediemållaget.


Kontaktpersonar:
- Sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Pål Bjerketvedt, 932 19 339
- Sjefredaktør i NPK, Arne Sigurd Haugen, 913 22 004
- Leiar i Mediemållaget, Berit Rekve, 958 70 611

Foto frå utdelinga: Haugen, Rekve, Bjerketvedt (foto: Kjartan Helleve, NM)

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS