FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ nynorsk.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Slepp nynorsken til 5. august! (02.08.2013)

Mediemållaget håper alle landets redaksjonar slepper nynorsken til i spaltene på Ivar Aasens fødselsdag 5. august.

- Det vil vera stas om dei store avisene heidrar Ivar Aasen og jamstellinga på 200-årsdagen. Det er journalistar med nynorskbakgrunn i dei fleste redaksjonane, så det kunne vera redaksjonelt stoff kvar dag. Dessutan er vi mange lesarar rundt i heile landet som gjerne vil møta nynorsken på alle slags stoffområde. Aviser som VG, som har nedslagsfelt over heile landet, er avis for oss nynorskingar òg, seier leiar Berit Rekve.


Les meir



Håkon Haugsbø fekk Alf Helleviks mediemålpris for 2013 (26.05.2013)

Journalist Håkon Haugsbø i NRK Brennpunkt har fått Alf Helleviks mediemålpris.
Under årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget torsdag vart prisen med namn etter den kjende nynorskmannen delt ut. Alf Hellevik (1909- 2001) frå Fjaler i Sogn og Fjordane har hatt stor innverknad på utviklinga av det nynorske skriftspråket i moderne tid, kjend for nynorskbrukarar flest gjennom stadige nyutgjevingar av Nynorsk ordliste.

Prisen i hans namn vert delt ut til yngre nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som har fremja godt normalisert talemål.


Les meir



Linda Eide fekk Målprisen for 2013 (29.04.2013)

Journalist Linda Eide fekk Målprisen for 2013 under landsmøtet til Noregs Mållag i Ørsta.
Mediemållaget gratulerer!

Les meir om prisen her.


Les meir



(20.03.2013): Vonar barnebokklubben Blåmann kan driva vidare
(09.03.2013): Berit Rekve attvald som leiar for Mediemållaget
(09.03.2013): Berit Rekve attvald som leiar for Mediemållaget
(22.02.2013): Språkuro i BT
(14.11.2012): Nytt nettvertøy for statstilsette
(10.10.2012): Den store vreiden – og så gleda
(11.05.2010): Meirspråkleg glede
(16.12.2009): Normert tale viktig i nyhendesendingane
(23.04.2009): Bli med i Mediemållaget du òg!
(..): Velkomen til skrivekurs!
Den nynorske mediefesten - Aasmund Nordstoga-konsert
(..): Nynorsk redaktørpris 2012 til Bjarne Tormodsgard
(..): Ragnhild Bjørge blir NRKs språksjef
(..): Agderavisen ber om orsaking for nynorsk
© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS