FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk redaktørpris 2012 til Bjarne Tormodsgard

- Det er i stor glede å gje Nynorsk redaktørpris for 2012 til ansvarleg redaktør for Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard. Han bidreg til å styrkja nynorsk som mediespråk på ein framifrå måte, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. 

Grunngjeving

Ansvarleg redaktør Bjarne Tormodsgard i Hallingdølen er ein framifrå representant for den lange og gode lokalavistradisjonen og nynorsk mediespråk. Han er ein medieleiar som går nye vegar og vågar satsa på nye format. Det er òg eit bidrag til å synleggjera språket.

I eit område med sterkt press på både nynorsk og lokal dialekt er Hallingdølen ein av dei viktigaste kanalane for vidareføring av språktradisjonen. Avisa får frå mange hald ros for ledig og god språkføring. Dette er sjølvsagt eit særleg ansvar for redaktøren. Det er òg eit vesentleg redaktøransvar at nytilsette med annan målbakgrunn opplever overgangen til nynorsk som arbeidsspråk som ei positiv utfordring. Slik bidreg redaktøren til å styrkja nynorsk som mediespråk.

Om prisvinnaren

Bjarne Tormodsgard (fødd 1956) voks opp i Ål og er utdanna adjunkt frå Eik lærerhøgskole og Oppland distriktshøgskole. Dette er den tredje perioden hans i Hallingdølen. Han var journalist 1982-1985, redaksjonssekretær 1987-1997 og ansvarleg redaktør frå 1999. Han har òg arbeidd som journalist i Eidsvold Blad 1977-78, Stavanger Aftenblad 1985-87 og Bergens Tidende 1997-99. I 2007 hadde han eitt års permisjon frå jobben i Hallingdølen for å arbeida i eit vikariat på utanriksdesken i Bergens Tidende.

Kontakt

Bjarne Tormodsgard, 909 11 455, bt@hallingdolen.no

Berit Rekve, leiar for Mediemållaget, 958 70 611, mediemaallaget@nynorsk.no

 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS