Torsdag 26. februar blir det nynorskkurs på Høgskolen i Oslo (HiO). Vi har fått nynorskekspert Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk, Ingvild Bryn frå Dagsrevyen og fleire andre til å laga ein heil dag med nynorsk og pressespråk. Dette er eit samarbeid mellom HiO, Mediemållaget, Norsk Journalistlags studentlag ved HiO.
- Vi trur dette blir eit morosamt og inspirerande kurs, seier seminarleiar Ingvild Bryn.
Tid og stadTorsdag 26. februar
Pilestredet 46, Auditorium Athene 1, Høgskolen i Oslo.
PROGRAM8.30-9.15:
Professor, dr.philos
Thore Roksvold:
Språkhistorisk utvikling i pressa. 9.30-10.15
Journalist
Ingvild Bryn, NRK Dagsrevyen:
Språket i NRK - på godt og vondt.10.15-11.30
Forfattar og journalist
Brynjulf Jung Tjønn (tidlegare student ved journalistutdanninga på Høgskulen) kjem innom for å snakka om kvifor han synest nynorsk var så vanskeleg at han skifta til bokmål.
Nynorskekspert
Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk kan gi svar på det som er vanskeleg:
- Kva er dei viktigaste nynorsk-feila vi gjer? 11.30-12.00: Lunsjpause
12.00-ca.13.30
Asgeir Olden held fram med sitt lynkurs i nynorsk, i denne bolken med vekt på hovudskildnaden mellom bokmål og nynorsk.
Enkle oppgåver (anonymt - ingen grunn til å vera redd for å feila)
Mot slutten av kurset kjem Mari Hauge Åsland (student ved journalistutdanninga) og Pål Garmann Sørheim (student ved lærarutdanninga) for å snakka om kva plass nynorsken har ved journalist- og lærarutdanningane.
Seminarleiar gjennom kurset er Ingvild Bryn.
Alle er hjarteleg velkomne!
Pris: Gratis for studentar ved HiO og medlemmer av Mediemållaget.
Andre kr 200,- .
Studentar ved HiO treng ikkje melda seg på, andre sender påmelding til
mediemaallaget@nynorsk.no Om du ikkje har høve til å vera med frå så tidleg som 8.30, er det mogleg å koma ved byrjinga av seinare programpostar.
Arr.: Mediemållaget i samarbeid med Norsk Journalistlags studentlag ved Høgskolen i Oslo.