FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Rekve attvald som leiar for Mediemållaget

 (08.02.2009)

- Det er ei stor ære og glede å få leia Mediemållaget vidare, seier Rekve, som vart attvald som leiar på årsmøtet 7. februar.

I styret får ho med seg Pål H. Plassen frå NRK P1 og Kjetil Haanes, nestleiar i Norsk Journalistlag som nye styremedlemmer, John Inge Vikan frå Adresseavisen, student Gunn Kristin Aasen Leikvoll og Guri Kulås i Klassekampen.

- Vi går eit spennande år i møte. Til hausten arrangerer vi Dei nynorske mediedagane for andre gong. Det er god framgang og vekst i laget og vi har fått nye samarbeidspartnarar i året som har gått. Det gjer det ekstra inspirerande å ta fatt på eit nytt arbeidsår, seier Rekve.

Grunde Grimstad i Finansavisen og Ingvild Bryn i NRK Dagsrevyen er varamedlemmer i styret.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS