FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

TV2-nyhetene får målpris

 (19.03.2009)

TV2-nyhetene får Hordaland Mållag sin Målpris 2009 for omfattande og dugande bruk av nynorsk og dialekt i programverksemda. - Dag etter dag, fleire gonger for dagen og år etter år har me kunna gleda oss
over den kunnige og klangfulle nynorsk- og dialektbruken i TV2 sine
nyhendesendingar, seier leiar i Hordaland Mållag, Einar Ådland.

Prisen vert delt ut på fylkesmållaget sitt årsmøte i Bergen laurdag 21.mars.

-I reportasjar og rapportar frå inn- og utland, i Tabloid, Dokument 2,
Laurdagsmagasinet og God Morgen Norge, frå reporterar i felten og
programleiarar i studio møter me levande nynorsk tale og målførebruk. Gjennom
det daglege arbeidet sitt syner desse medarbeidarane at nynorsk og dialekt er
framifrå, smidige og effektive reiskapar for kringkastings- journalistar i alle
emneområde og i alle situasjonar.
Denne aktive nynorskbruken, i så stort omfang og med så gode resultat, er
utan minste tvil av dei kreftene som medverkar sterkast til at nynorsk tale- og
skriftmål har ei sterk og respektert stilling her i landet, sa Einar Ådland.

Han heldt fram at TV2 frå starten i 1992 har vakse fram til å vera det
største kommersielle mediehuset i landet med over tusen årsverk og ein
omsetnad på 2,7 milliardar kroner.

-Ei så stor medieverksemd har sjølvagt stor og sterk kulturell
påverknadskraft. Difor har det vekt mykje glede og oppgløding mellom målfolk
og andre kulturinteresserte at nynorsken står så sterkt ved institusjonen, og
det gjeld ikkje minst TV2-nyhetene, sa mållagsleiaren.

Prisen er ein akvarell av garden Kjeåsen i Eidfjord, laga av biletkunstnaren
Liv Jorunn Skjold.

Utdelinga av Hordaland Mållag sin Målpris 2009 skjer
LAURDAG 21.MARS KL. 15.00 PÅ GRAND HOTEL TERMINUS I BERGEN
Presse er velkomen til tilskipinga.

HORDALAND MÅLLAG
v/leiar Einar Ådland
Øvre Hagen 8
5305 Florvåg
Tlf. 56 14 33 12. Mobil 90 55 95 57.
E-post: didraad@online.no

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS