FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Alf Helleviks mediemålpris til Ingvill Tandstad

 (21.04.2009)

Ingvill Tandstad er tilsett i NRK Østlandssendingen i Oslo. Tandstad får prisen for sin konsekvente bruk av nynorsk i eit elles bokmålsdominert mediemiljø.

Grunngjevinga for prisen:
Ingvill Tandstad er ein motstraums journalist i hovudstadseteren. Innbyggjarane i Oslo kjem frå heile landet, og har ulik bakgrunn og identitet. Nemnda, samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn, ynskjer å leggje vekt på at det er viktig å fremje røyster i hovudstaden som ikkje har bokmål som talemål. Tandstad er ein pionér og eit førebilete, ikkje berre for innflyttarar frå nynorsktalande stader, men for den store gruppa av Oslo-borgarar som har ein nynorsk språkidentitet og som er interesserte i språk .

Nemnda ynskjer også å leggje vekt på kor viktig det er at born og unge i Oslo og Akershus vert eksponerte for nynorsk som ein naturleg del av språkbiletet i det offentlege rom.

Prisen vert delt ut på årsmøtet i Det Norske Samlaget.

Pressemelding frå Samlaget

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS