FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Journalistlaget vedtok å arbeida for språkleg kvalitet og mangfald

 (30.04.2009)

Landsmøtet i Norsk Journalistlag (NJ) har vedteke eit nytt punkt om språk i arbeidsprogrammet. Under kapitlet Likestilling og mangfald heiter det no at "NJ vil arbeide for medlemmenes mulighet til å utvikle journalistisk og språklig kvalitet og uttrykksfrihet, mangfold og integritet."

- Det er svært gledeleg at dei har gjort eit slikt vedtak. Vi vonar dette betyr at Journalistlaget vil gi tydlegare støtte til nynorskskrivande journalistar, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.


Etter rapportane frå ordskiftet å døma, var det svært mange som gjekk på talarstolen og tala varmt for dette punktet. 143 av delegatane røysta for, seks mot.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS