FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Melsom-prisen 2009 til Stephen J. Walton

 (03.06.2009)

Melsom-prisen 2009 går til Stephen J. Walton for boka Skaff deg eit liv! Om biografi som kom ut på Samlaget i 2008.

Frå juryen si grunngjeving:
"Walton er professor i nynorsk skriftkultur, noko som burde borge for språkleg kvalitet. Det gjer det då også. Forfattaren skriv eksemplarisk, ledig nynorsk, som det er ei glede å lese. Framstillinga er lett tilgjengeleg, humoristisk og stilistisk smakfull. Også folk som ikkje er særskilt interesserte i biografifaglege utfordringar, vil få ei god lesaroppleving, i tillegg til at dei kan risikere å bli opplyste og få seg ein god latter på kjøpet. (...) Han tematiserer også biografens ståstad ved å setje ting på spel. I desse personlege essaya pressar han både seg sjølv og språket utan at det verkar kalkulert eller utleverande."

I juryen: Hilde Sandvik, Åshild Nordstrand, Brit Bildøen

Skipsreiar Ferd. Melsoms legat vart skipa i 1922. Formålet er «fremme av det norske sprog (landsmålet)». Det blir delt ut ein pris kvart år til ein forfattar (eller omsetjar) som året før har gitt ut ei verdifull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbre¬delse». Legatet blir styrt av Det Norske Samlaget. Melsom-prisen er forlagsuavhengig, alle forlag kan sende inn nynorske bøker til vurdering.

Prisen er på kr 40000.

(Pressemelding frå Samlaget)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS