FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk kultursentrum skal forvalta Vinjefondet

 (25.06.2009)

Nynorsk kultursentrum får oppgåva med å forvalta det nyoppretta Vinjefondet, melder Nynorsk Pressekontor. Det har Kultur- og kyrkjedepartementet bestemt. Fondet er oppretta for å styrkja nynorsk i media.
- Det er bra at dette fondet no kjem på beina og at vi får på plass rammer og kriterium for bruken av fondet. Vi i Mediemållaget vil gjerne samarbeida med Nynorsk kultursentrum om dette, seier leiar Berit Rekve

– Det er veldig kjekt for oss at departementet vil gje oss denne
oppgåva. Vi ser på dette som ei tillitserklæring til Ivar Aasen-tunet,
samtidig er det eit stort ansvar å forvalta offentlege pengar. Det
stiller også krav til oss om at vi må vera på nivå med det som skjer
med nynorsk i media i Noreg, seier Ottar Grepstad, direktør ved
Aasen-tunet til Nynorsk Pressekontor.
Han legg til at Aasen-tunet alt har mykje kunnskap om dette, men
meiner oppgåva med å forvalta Vinjefondet vil styrkja det faglege
miljøet ved Aasen-tunet ytterlegare.

– Viktig fond
Vinjefondet er oppretta av Stortinget. Målet med fondet er å styrkja
nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk.
Grepstad har stor tru på Vinjefondet.
– Det er veldig viktig for å styrkja nynorsk i aviser, radio og
fjernsyn, seier han.

Ein halv million i 2009
I statsbudsjettet for 2009 er det sett av 0,5 millionar kroner til
formålet. Grepstad seier at denne summen skal disponerast i år, men
førebels finst det ingen retningslinjer for korleis pengane skal
brukast. Kulturdepartementet har bede Nynorsk kultursentrum utarbeida
forslag til dette.
– Før vi gjer dette trur eg det er ein god ide å henta inn informasjon
frå folk og miljø som veit kor skoen trykkjer, seier Grepstad.
For at fondet kan koma flest mogleg til gode meiner, meiner han at det
må vera eit mål å auka avkastninga av fondet
– Samtidig veit vi at nynorskmiljø er flinke til å få mykje ut av
lite, seier Ottar Grepstad.

– Det som er viktig no er å få på plass målsetjing og rammer. Dernest
må det innhentast informasjon og kunnskap om situasjonen i den
nynorske presseverda og kvar behovet er størst.

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS