FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Mediemållaget ønskjer kandidatar til Nynorsk redaktørpris for 2009

 (05.08.2009)

Mediemållaget deler ut Nynorsk redaktørpris i Litteraturhuset 2. oktober i samband med Dei nynorske mediedagane. – Alle er velkomne med framlegg til kandidatar, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

– Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar. Vi ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken, seier Rekve.

Fristen for å koma med framlegg er 15. august. Framlegg med grunngjeving kan sendast mediemaallaget@nynorsk.no.

Tidlegare prisvinnarar (verksemda dei var i då dei fekk prisen):
2008: Pål Bjerketvedt (NTB) og Arne Sigurd Haugen (NPK)
2007:
Tom Hetland (Stavanger Aftenblad)
2006: Per Arne Kalbakk (NRK Østlandssendingen)
2005: Tove Lie (Nationen)
2004: Hilde Haugsgjerd og Cathrine Sandnes (Dagsavisen)

Les meir om prisen og Dei nynorske mediedagane på www.mediedagane.no.

Kontakt:
Berit Rekve, 958 70 611, leiar for Mediemållaget

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS