Velkomen til Dei nynorske mediedaganeDet er ei glede for Mediemållaget nok ein gong å ønskja velkomen til Dei nynorske mediedagane i Litteraturhuset i Oslo.
Føremålet er å skapa ein møteplass for å fremja og utvikla den nynorske mediekulturen. Mange verksemder og organisasjonar frå medieverda og nynorskmiljøet er samarbeidspartnarar og bidragsytarar. Vi i Mediemållaget er svært glade for det gode samarbeidet med desse.
Dei nynorske mediedagane er opne for alle interesserte. Mediemållaget ønskjer deg hjarteleg velkommen seminar, kurs, faglege ordskifte, jubileum, prisutdeling og fest!
TORSDAG 1. OKTOBER10.00 – 16.00 i Kverneland
Nynorskkurs for journalistar og kommunikatørarFørelesar: Asgeir Olden, Institutt for journalistikk
Pris: kr 400,-.
Påmelding til mediemallaget@nynorsk.no seinast dagen før.
Arr.: Mediemållaget og Institutt for journalistikk17.00 - 18.30 i Kverneland
Bladet Fedraheimen. Anarkisme på norskOle Dalhaug, Arnhild Skre og fleire vil fortelja om den andre nynorske
riksavisa, Fedraheimen, som Ivar Mortenson Egnund, Arne Garborg o.fl. utvikla til eit anarkistorgan norsk målrørsle sjeldan vedkjenner seg.
Arr.: Norsk Pressehistorisk Forening19.00 i Kafé Oslo
[Quizen er diverre avlyst, men vi samlast til hyggjeleg lag etter føredraget om Fedraheimen.]
Nynorsk bar med Bokdykks quiz Quizmeister: Anne Gaathaug.
Meld på lag med inntil fem personar.
Påmelding til mediemallaget@nynorsk.no seinast dagen før.
Arr.: BokdykkFREDAG 2. OKTOBER10.00 - 17.00 i Kverneland
EssaykursLær å skrive meir personleg, utfordrande, utforskande og betre. Om essayistikkens historie, særpreg og mulegheiter. Blant føredragshaldarar er det både forfattarar og akademikarar.
Kurset passar for journalistar, forfattarar, skribentar, akademikarar og andre som vil utvikle det skrivande uttrykket sitt.
Pris: kr. 800,-
Påmelding til: bente.riise@synogsegn.no
Arr.: Tidsskriftet Syn og Segn11.00 – 12.30 i Amalie Skram
Nynorsk i media: frå erfaring til endringOpe møte om Vinje-fondet som kjelde for meir nynorsk i media.
Programleiar: Magni Hjertenes Flyum
Innleiingar av Ottar Grepstad m. fl.
Arr.: Mediemållaget og Ivar Aasen-tunet14.00 – 18.00 i Amalie Skram
Nynorsk Pressekontor 40 årSeminar: Utfordringar for språket og journalistikken når ein skriv for nettet.
Presentasjon av ”NPK-språket” - ei ordbok som blir den framtidige høgrehanda til alle nynorskskrivande journalistar.
Arr.: Nynorsk Pressekontor19.00 i Wergeland
Den nynorske mediefestenUtdeling av Nynorsk redaktørpris for 2009
Gjester: Arne Hjeltnes, Erling Lægreid m.fl.
Konsert: ”Språkleg songfald” – Gabriel Fliflet med Sigrid Moldestad og Olav Tveitane.
Pris: kr 100,-.
Arr.: MediemållagetLAURDAG 3. OKTOBER12.00 – 16.00 i Amalie Skram
Seminar: "TV2 - framleis dialektkanal?”Heilt sidan starten har TV2 markert seg ved å vera opne for å bruka dialektar i alle programtypar. I år går konsesjonen for allmennkringkasting ut, og TV2 har ikkje søkt om fornying. Korleis kjem språkprofilen til kanalen til å sjå ut i framtida når dei ikkje lenger er bundne av konsesjonsvilkåra om språkleg mangfald?
På seminaret set vi søkjeljos på TV2-språket, både i fortida og framtida. Vi har invitert TV2 til å svara på kva språkprofil dei planlegg, og kva vilkår som må til for å vidareføra dialektmangfaldet".
Arr.: Kringkastingsringen12.00 - 15.00 i Sjeherasad
Høgtlesing for dei yngste og konkurransar med nynorske barnebokpremiar.Arr.: Blåmann Barnebokklubb