FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Stabell i Os og Fusaposten fekk Nynorsk redaktørpris for 2009

 (03.10.2009)

Christian Fr. Stabell
Nynorsk redaktørpris for 2009 gjekk i år til redaktør og dagleg leiar for Os og Fusaposten Christian Fredrik Stabell. - Det er flott å gje prisen til ein redaktørveteran og representant for den store og viktige skogen av nynorske lokalaviser, som er heilt avgjerande for framtida for nynorsken som pressespråk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

- Det er ei stor glede å bli tildelt denne prisen og få slik heider, sa Stabell då han mottok prisen fredag kveld.

Prisen vart del ut på Den nynorske mediefesten under Dei nynorske mediedagane fredag 2. oktober.


Grunngjeving
Stabell har i sine 36 år som redaktør alltid lagt stor vekt på at lokalavisa for Os og Fusa skal skrivast på eit godt og korrekt nynorsk. Stabells språklege haldning har utan tvil vore medverkande til at nynorsken framleis står så sterkt i Os, like i nabolaget til Bergen. Os og Fusaposten har også vore skule for mange dyktige nynorskjournalistar rundt om i norsk presse. Prisen til årets vinnar er ei påskjønning til ein representant for den store og viktige skogen av nynorske lokalaviser, som er heilt avgjerande for framtida for nynorsken som pressespråk.

Om prisvinnaren
Stabell kjem frå Bergen. Han tok til som sommarvikar i arkivet til «Morgenavisen» i Bergen i 1966, men fekk snart ymse journalistiske oppgåver og arbeidde i vikariat og som fast frilansar fram til 1972.

Han var tilknytta «Dagen» som frilansar frå hausten 1972 til sommaren 1973. Då vart han tilsett som bladstyrar og einaste tilsette i nynorskavisa «Midhordland» i Os. Dette var lokalavis for kommunane Os, Fusa og Samnanger (etter kvart berre Os og Fusa). Avisa, som hadde vore i drift i om lag ti månader då han overtok, kom ut ein gong i veka, i eit opplag på vel 900.

Etter kvart steig opplaget, og avisa fekk fleire tilsette. I 1979 gjekk dei over til to utgåver for veka, og i 1987 hadde avisa 5244 i opplag. I 1987 gjekk han og fleire ut av Midhordaland og starta «Os og Fusaposten», med årets prisvinnar som ansvarleg redaktør. I dag har avisa eit opplag på om lag 5 800.

Han har altså vore nynorskredaktør i 36 år.

I 1976 var han med og stifta det som no heiter «Landslaget for lokalaviser», og var leiar i laget frå 1981 til 1983.


Kontakt
Berit Rekve, leiar for Mediemållaget, 958 70 611
Christian Fr. Stabell, redaktør for Os og Fusaposten, 908 37 640

Foto av redaktør Stabell og MML-leiar Berit Rekve
(foto: Rune Hetland/LLA)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS