FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Kringkastingsprisen 2009 til Yasmin Syed

 (27.10.2009)

Kringkastingsprisen 2009 går Yasmin Syed, kanalvert i NRK.

- Yasmin Syed bruker nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark, og gjer det på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar.

Slik viser ho at nynorsken høgste grad er levande også på Austlandet.

Syed (f. 1966) er oppvaksen i Vinje i Telemark. Ho har vore både programleiar, skodespelar, musikar og kanalvert i NRK. Jula 2008 var ho programleiar for Julemorgen i NRK saman med Kåre Olav Berg.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

(Pressemelding frå Kringkastingsringen.)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS