Dialektprisen til Eli Kari Gjengedal i TV2
(06.11.2009) Pressemelding frå Norsk Målungdom: Eli Kari Gjengedal mottok i dag Dialektprisen, som kvart år blir utdelt av Norsk Målungdom. Leiar i Målungdomen, Maria Svendsen, roste prisvinnaren for sjølvsikker og original bruk av nordfjordmål på fjernsynsskjermen.
Takka TV2 Under utdelinga kunne Eli Kari Gjengedal fortelje at ho nesten ikkje trudde det ho høyrde då ho fekk vite at ho var tildelt årets Dialektpris. - Då eg fekk telefonen trudde eg nesten ikkje det var sant. Eg lurte på om det var ein spøk, fortalde ho. Gjengedal var òg oppteken av å rose medarbeidarane i TV2. - TV2 skal ha mykje av æra for denne prisen. Dei legg veldig godt til rette for at vi som arbeider på skjermen skal kunne bruke dialekt der, og dei oppfordrar oss til å gjere det, sa ei strålande blid Eli Kari Gjengedal.
Om prisvinnaren Eli Kari Gjengedal (f. 1971) kjem frå Leikanger i Sogn og Fjordane. Ho er mest kjend som vêrmeldar på TV2 for Storm Weather Center, men ho har òg vore innom forfattarbransjen, mellom anna med barneboka Karl Oscar i hardt vêr (2007). Som dialektprisvinnar er ho i selskap med mellom andre Ravi (2004), Are og Odin (2006) og Linda Eide (2008).
Høgoppløyseleg bilete til fri bruk i pressa: http://www.nynorsk.no/nmu/bilete/dialektpris2009.JPG (foto: Norsk Målungdom/Vebjørn Sture)
For meir informasjon: Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom. Tlf: 98449607 / E-post: maria@nynorsk.no
|
|