FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Jamstelling i media òg?

 (11.03.2010)

av Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
Kommentar i Kringom 1-2010 (Kringkastingsringens medlemsblad)

I år er det 125 år sidan Stortinget fatta det såkalla jamstellingsvedtaket. Det er det grunn til å feira. Men det held ikkje å skoda attende på gamle sigrar.

Vedtaket var retta til den norske regjeringa: "Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog." Dette er vedtaket førde til at landsmål, det seinare nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. Sidan har vi fått lovar om opplæring, målbruk i offentleg teneste, nynorskkrav til NRK og støtteordningar som skal fremja nynorsken. Utan desse hadde truleg stoda vore mykje dårlegare. Dette er sjølvsagt enkelt når det kjem til sektorar som politikken kan lovregulera, men for presse og næringsliv er det ikkje på same viset.

Mediestøtte med bidrag til nynorsk jamstelling?
I 41 år har vi hatt pressestøtteordninga. No er denne i støypeskeia og eit utval, Mediestøtteutvalget, skal vurdera framtida for ordninga innan 1. januar 2011. Er det mogleg at delar av ei slik støtteordning kan gå til å fremja nynorsk mediespråk, til dømes i lag med Vinjefondet? Dette er eit ordskifte vi bør følgja nøye og delta i frametter.

Norsk danning: to målformer = ”meirspråkleg”
Kvifor ser mange den norske språkstoda med to jamstelte former som ei bør? I mange redaksjonar meiner ein til og med at det rotar til for lesaren, lagar uklår profil og liknande. Medan i mange aviser er det heilt sjølvsagt å redigera på begge målformer.

Etter mi meining er dei to språkkulturane ein rikdom. Dei skapar spenning og merksemd om norsk språkbruk og om mangfaldet i språket. Ved å ha god dugleik i både nynorsk og bokmål vert eg ”meirspråkleg”. Dette burde vera den positive innfallsvinkelen for både lærarar og dei som har skriving på norsk som levebrød. Eg ser dessutan på det å meistra begge som ein del av den språkleg-kulturelle danninga. Utan opplæring og utan å møta begge målformene i alle slags samanhengar og sjangar vert den norske danninga veikare.

På vegen til 2013
I nynorskrørsla er vi mange som alt har byrja å sjå framover mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013. Kva passar vel då betre enn å løfta jamstellinga som tema no, langs vegen mot den store markeringa? Vi i Mediemållaget har nett starta planlegginga av Dei nynorske mediedagane 2010. Vi vonar ei utvida forståing av jamstelling og det språklege danningsprosjektet appellerer til samarbeidspartnarar og deltakarar og bidreg til endå meir nynorsk i media og det offentlege rommet elles.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS