FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Den nynorske mediefesten: Prisutdeling, Dagfinn Nordbø og KorteBrok

Fredag 22. oktober kl. 19.00
Litteraturhuset

Den nynorske mediefesten under Dei nynorske mediedagane byr på ein musikalsk premiere, festkåseri og utdeling av Nynorsk redaktørpris. Mange vil nok bli overraska over valet av prisvinnar.

Festkåsør Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er humorist og tekstforfattar, for mange kjend for tekstar for Hallo i uken, ulike komikarar, og som spaltist i VG. Han har òg bandet Det Norske Poesi & Satireorkester.








KorteBrok - rap frå Hovdebygda, unplugged
Ei utbrytargruppe frå hip-hoporkesteret Side Brok har skipa denne nye kvartetten som skal spele sin aller fyrste konsert under Dei nynorske mediedagane.






KorteBrok spelar Side Brok-låtar i meir jazza og akustiske versjonar. Dei spelar til og med Side Brok-låtar som Side Brok ikkje har spela før.

Dette er rap for dei som likar å sitje på konsert. Rap for dei som likar å drikke vin, og få med seg tekstane. Rap for dei som likar jazz.

Runar Gudnason - rap (biletet)
Pål Olav Loftesnes - rhodes
Audun Ellingsen - kontrabass
Tore Brevik - trommer

Fredag 22. oktober kl. 19.00. Litteraturhuset, Wergeland

Billettar kr 100,- (i døra)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS