Internasjonalt blikk på kringkasting og språk
(16.08.2010) Litteraturhuset laurdag 23. oktober kl. 12.00 Amalie Skram-rommet Kringkastingsringens seminar.Vi får mellom andre besøk av Annestina Åbonde, utanrikssjef i den svenske redaksjonen i YLE (Finland)
12.00 Opning ved Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen
Del I: "Fleirspråkleg kringkasting"
Den norske stoda med fleire offisielle språk i allmennkringkastaren er ikkje unik. Å syta for at dei mindre brukte språka vert synlege i eteren er ei utfordring. I Noreg vert bokmål og nynorsk produsert i dei same redaksjonane, og NRK har eit ålment krav om å senda på minst 25 prosent av kvart språk. Andre land har valt andre løysingar, som til dømes eigne redaksjonar for kvart språk. Kva er føremonane og ulempene med dei ulike modellane.
12.15 Stoda i Finland. Annestina Åbonde, utanrikssjef i den svenske redaksjonen i YLE.
12.45 Kommentar: Korleis er det i Noreg?*
13.00 Spørsmål og debatt
13.45-14.30 Pause
Del II: "Nordisk TV-kanal?"
Jamleg kjem ideen om ein nordisk TV-kanal opp. Ny fjernsynsteknologi gjer dette enklare enn det var med det analoge bakkenettet, men er ideen framleis god? Kva bør ein slik kanal vera? Syner Fredrik Skavlan vegen?
14.30-15.30 Panelordskifte m. Åsulf Edland (NRK/EBU), Anne-Stina Åbonde, Foreningen Norden* og Martin Toft
15.30 Slutt, vel heim
|
|