FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Rekve attvald som leiar for Mediemållaget

 (07.03.2011)

Årsmøtet i Mediemållaget valde leiar Berit Rekve for ein ny periode laurdag 5. mars.

- Det er gildt å få fornya tillit og høve til å leia eit lag som Mediemållaget, seier Rekve. Vi har hatt god vekst dei siste åra, det motiverer. Framleis er det langt att før særleg dei største avisene slepp til nynorsken og vi får verkeleg jamstelling, men det er òg noko framgang. Mellom anna ser vi at mote- og vekepressa er meir positiv enn før.

Blant sakene Mediemållaget prioriterer i arbeidsprogrammet er
• jnynorsken sin plass i stoffutvekslingssam-
arbeid mellom aviser og i vekepressa
• nynorsk i fagpressa.
• nynorsken i journalistutdanningane.
• nynorsk på alle plattformer i NRK og TV2.
• nynorsk på offentlege nettstader.
• dei politiske rammevilkåra for nynorsken.

Laget held òg fram med å skipa til Dei nynorske mediedagane. I år vert tilskipinga 20.-22. oktober.

Med seg på styrelaget har ho John Inge Vikan, Amund Trellevik, Grunde Grimstad, Margunn Sunnfjord, Torill Stavenes, Astrid Sverresdotter Dypvik og Herdis Moldøen.

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS