FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Sportsjournalist Harald Thingnes på Mediemålprisen

 (27.04.2011)

Harald Thingnes i NRK Sport er tildelt Alf Helleviks Mediemålpris. Thingnes får prisen for sitt konsekvente og ledige nynorsk i ein bokmåldominert journalistisk sjanger.

Mediemållaget gratulerer så mykje!

Nemnda som står for tildelinga legg vekt på at Harald Thingnes er ein av få nynorskbrukarar i eteren som formidlar sport, og seier Thingnes viser at sport kan formidlast på ein levande og ekte måte, med eit godt, fargerikt og samstundes normalisert og korrekt nynorsk. Det kan vere ei stor utfordring å føre eit presist og godt språk på direkten når ingenting er skrive ned, men også her viser Thingnes seg stødig, heiter det i ei pressemelding.

Særleg gjennom dei mange reportasjane og direkteinnslaga frå VM på ski i Oslo, har Thingnes vist heile landet kor godt nynorsk fungerer, både i kjensleladde øyeblikk, og gjennom nyheitsreportasjar frå sportsfeltet. Prisvinnaren, som og leiar underhaldningsprogrammet "Nummer 1" på NRK 1, viser at han også meistrar denne sjangeren.

Nemnda er samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn. Prisen vert delt ut på årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 28.april.


(LNK-nytt, 27. april 2011)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS