FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

NRK må innfri nynorskkrava

 (06.06.2011)

- Det er skuffande at NRK ikkje greier å oppfylla krava om nynorsk, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.
Allmennkringkastingsrapporten for 2010, som Medietilsynet la fram 6. juni, syner at NRK nok ein gong ikkje greier å nå måla som er sette. Nokre stader er det jamvel nedgang.

- Det har vore lova satsing og utviklingstiltak. No må NRK ta seg på tak og iverksetja gode tiltak. NRK har gode føresetnader for å greia dette, både gjennom medarbeidarane dei alt har, og ved å nytta Nynorsk mediesenter som kompetanseorganisasjon innanfor eiga verksemd. Ei av utfordringane ligg i få meir og betre nynorsk tekst på NRK.no, seier Rekve.

- Dei andre kringkastingsselskapa har òg noko å strekkja seg etter, avsluttar leiaren for Mediemållaget.


Her kan du lesa heile Allmennkringkastingsrapporten frå Medietilsynet.

For meir informasjon:
Berit Rekve, leiar
mob. 958 60 611

bilete: /files.zetta.no/www-nm-no/_bilete/beritrekve.jpg

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS