FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Oslo Målbar til ære for Guri Vesaas 3. november.

 (31.10.2011)

Oslo Målbar: «Nynorsk i lærarutdanninga» ved Synnøve Skjong og Inger Vederhus, ein kveld til ære for Guri Vesaas.

På landsmøtet i 2010 blei Guri Vesaas utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag. Denne kvelden er ei gåve til henne frå Noregs Mållag, og det er ho som har vald tema.

Tid: torsdag 3. november kl. 19:00
Stad: Kafé Asylet, Grønland 28, Oslo

Nok ein gong har Oslo Mållag gleda av å invitera til Målbar. Denne gongen i samarbeid med Noregs Mållag sentralt. Synnøve Skjong og Inger Vederhus kjem for å dela sine verdfulle erfaringar med oss på Asylet på Grønland, torsdag 3. november kl. 19.

Synnøve Skjong og Inger Vederhus arbeider ved Høgskolen i Oslo, og har hatt ansvaret for eit inspirerande og vellukka nynorskprosjekt ved lærarutdanninga der.

Lærarutdanninga er ein av dei viktigaste slagstadene for dagens målstrid, og Oslo Mållag er difor stolte over å få vera medtilskiparar til eit møte om eit så viktig tema - og her med ei så løysingsorientert vinkling!

Foto: Berit Rekve, frå tildelinga av Riddar av St. Olavs orden.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS