FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk næringslivspris til Ægir Bryggeri

 (10.12.2011)

Ægir Bryggeri i Flåm er vinnar av Nynorsk næringslivspris for 2011. - Vinnaren er ei sterk merkevare i ein ny og veksande marknad, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og leiar i juryen.

– Ægir bryggeri har ein god og gjennomført presentasjon av produktet, der innhald, namn og språk heng godt saman. Nynorsk er det naturlege valet på etikettar, vevside, fjesbok og anna kommunikasjon, seier Håvard B. Øvregård.

– Det var aldri noko alternativ, sa vertskapet Aud Melås og Evan Lewis då dei fekk prisen under ei markering på Håndverkeren i Oslo.

Ægir bryggeri starta i 2007, og på den korte tida har dei fått mange utmerkingar og prisar for produktet sitt. Det flytande handverksproduktet kan du i dag finne i butikkar og skjenkestadar over heile landet. I ei bryggerinæring prega av oppkjøp og sentralisering, er mikrobryggeri med lokal forankring og særpreg ei ny og alternativ nisje i vekst.

Bryggeriet med tilhøyrande skjenkestove ligg i Flåm i Aurland kommune, er kalla opp etter ølbryggaren til dei gamle norrøne gudane, og er drive av ein heimflytta sogning og ein utvandra amerikanar.

Pressemelding

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS