FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk journalistpris til Hilde Sandvik og Katrine Sele

 (18.06.2012)

Firda-journalist Katrine Sele og kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende får begge Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for i år.


Prisen skal delast ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 29. juni.

Katrine Sele er opphavleg bokmålsmenneske, men har som allsidig nyheits- og kulturjournalist i lokalavisa Firda i Sogn og Fjordane vorte «eit godt døme på at bokmålsfolk kan bli gode nynorskbrukarar – om dei vil, kan og må», skriv juryen om den første prisvinnaren.

– Språket hennar er enkelt og godt å lese, ho arbeider med det og har utvikla sin eigen tydelege «signatur». Det er lett å kjenne att det Katrine Sele har skrive, meiner juryen, som har vore leidd av NRK-journalist Gry Molvær.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS