FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

2,2 millionar kroner til nynorskprosjekt i folkebiblioteka

 (16.08.2012)

I vår lyste Fritt Ord ut tilskot på kr 50 000 til formidling av nynorsk litteratur i norske folkebibliotek. Stiftinga mottok 93 søknadar, og har vedteke å støtte prosjekta til 46 søkjarar. Til saman blir det delt ut 2,2 millionar kroner, fordelt på tiltak over heile landet.

Fritt Ord har prioritert prosjekt som er nyskapande, og har lagt vekt på å vise breidda og idérikdomen blant dei innkomne prosjekta. Dei utvalde prosjekta dekkjer emne som sjølvforståing på Hedmarken, Hulda Garborg sitt liv og forfattarskap og nynorske twitternoveller. Formidlingsarbeidet har form av teateroppsettingar, konsertar, kurs, føredrag og forfattarmøte. Tiltaka er retta mot alle aldersgrupper.

Fritt Ord ynskjer med tildelingane å stimulere til formidling av nynorsk skjønn- og faglitteratur, vekkje interesse for lesing og fremje lokalt ordskifte. Prosjekta skal gjennomførast hausten 2012 eller i 2013.

Lista over tildelingar kan de lesa her.

Pressemelding

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS