FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Håkon Haugsbø fekk Alf Helleviks mediemålpris for 2013

 (26.05.2013)

Journalist Håkon Haugsbø i NRK Brennpunkt har fått Alf Helleviks mediemålpris.
Under årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget torsdag vart prisen med namn etter den kjende nynorskmannen delt ut. Alf Hellevik (1909- 2001) frå Fjaler i Sogn og Fjordane har hatt stor innverknad på utviklinga av det nynorske skriftspråket i moderne tid, kjend for nynorskbrukarar flest gjennom stadige nyutgjevingar av Nynorsk ordliste.

Prisen i hans namn vert delt ut til yngre nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som har fremja godt normalisert talemål.

Prismottakar Håkon Haugsbø frå Førde har vore journalist og programleiar i NRK Brennpunkt i ti år, programmet som driv undersøkjande journalistikk i statskanalen på tysdagar.

- Eg er lukkeleg og glad for den. Og mintest Ingolf Håkon Teigene i takketalen, skreiv Haugsbø på om tildelinga på Twitter.

Alf Helleviks mediemålpris er på 10 000 kroner. Blant dei tidlegare mottakarane av prisen er Line Fuglehaug, som då arbeidde i P4, og Harald Thingnes, programleiar i NRK-sporten.

 

(©NPK)

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS