Agderavisen ber om orsaking for nynorsk
Nettavisa Agderavisen.com ber på sida si om orsaking for at dei ikkje har høve til å omsetja lesarinnlegg frå nynorsk til bokmål.
"AgderAvisen beklager den ulempen nynorsk medfører for alle våre lesere, og oppfordrer alle for framtiden til å skrive sine innlegg på bokmål", heter det på nettsida.
- Dette er sjeldan kost i våre dagar. Det er heilt uforståeleg, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.
- Eg kjenner til at Asker og Bærums Budstikke nyleg har bede om at eit innlegg skulle leverast på bokmål i staden for på nynorsk. Ein skulle tru vi hadde meir toleranse for nynorsken enn dette, seier Rekve.
|