FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Slepp nynorsken til 5. august!

 (02.08.2013)

Mediemållaget håper alle landets redaksjonar slepper nynorsken til i spaltene på Ivar Aasens fødselsdag 5. august.

- Det vil vera stas om dei store avisene heidrar Ivar Aasen og jamstellinga på 200-årsdagen. Det er journalistar med nynorskbakgrunn i dei fleste redaksjonane, så det kunne vera redaksjonelt stoff kvar dag. Dessutan er vi mange lesarar rundt i heile landet som gjerne vil møta nynorsken på alle slags stoffområde. Aviser som VG, som har nedslagsfelt over heile landet, er avis for oss nynorskingar òg, seier leiar Berit Rekve.

Det var under utdelinga av Nynorsk redaktørpris i vår at Mediemållaget lanserte framlegget om at alle redaksjonane burde nytte høvet til å fremje nynorsken denne dagen, og Rekve håpar no at redaksjonane ser sitt snitt. 

- Med eit slikt tiltak på ein spesiell dag, kan det vera at fleire lesarar av desse avisene vil sjå at jamstelling går heilt fint. Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad er jo framifrå døme på det. Dei utvekslar stoff med Aftenposten, men der vert det først omsett til bokmål. Eg er overtydd om at Aftenposten-lesarane gjerne les nynorsk når dei vert vane med det, seier Rekve.

LNK-nytt
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS