FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk redaktørpris til Elle-redaktør Signy Fardal

 (22.10.2010)

Mediemållaget har tildelt sjefredaktør i Elle og Elle Interiør Nynorsk redaktørpris for 2010.

- Sjefredaktør Signy Fardal bidreg til å gjera nynorsk til eit mediespråk også på mote- og interiørområdet., sa leiar for Mediemållaget, Berit Rekve under utdelinga i Litteraturhuset fredag kveld.

– Ein slik pris forpliktar, sa prisvinnaren då ho blei heidra med Nynorsk redaktørpris og lova at det framover kjem til å bli meir nynorsk i spaltene i Elle.

Grunngjeving
Der nynorsken er meir eller mindre sjølvsagt i lokalpresse og kringkasting, er mote- og vekepressa er medieområde der han knapt er å sjå. Det er har vore arbeidd for å få nynorsk inn i den kulørte pressa, eit område med mange lesarar og eit publikum det er viktig å nå. Dessutan trengst det at nynorsk erobrar fleire saksområde.

I januar 2007 fekk Signy Fardal ei utfordring i fanget under ein konferanse. Kunne ikkje du ha artiklar på nynorsk i bladet ditt? Fardal tok utfordringa på strak arm og utpå våren kom dei første artiklane på nynorsk. Etter tre og eit halvt år ser vi at det ikkje vart med eit eingongstilfelle, men at både motemagasinet Elle og Elle interiør jamt har artiklar på nynorsk.

Sjefredaktør Signy Fardal bidreg til å gjera nynorsk til eit mediespråk også på mote- og interiørområdet. Ho har òg markert seg i offentlege ordskifte om å sleppa nynorsken til i medier som heilt lukkar han ute på redaksjonell plass.

Om prisvinnaren
Årets prisvinnar kjem frå Sogndal og har utdanningsbakgrunn i journalistikk, massekommunikasjon og sosiologi.

Vinnaren har mangslungen røynsle frå media. Den første redaktøroppgåva var i Ungsosialisten. Deretter har vegen gått via Universitas, RadiOrakel
Klassekampen, Arbeiderbladet, Ny Tid, Dagbladet
og Dagens Næringsliv, både som journalist og som leiar for næringslivsredaksjonen.

Frå 1998 var ho sjefredaktør ELLE og forlagssjef for ELLE Hachette Filipacchi Noreg fram til 2007, då Hjemmet Mortensen tok over.
Frå 2007: sjefredaktør i ELLE og ELLE Interiør.

For kommentarar:
Sjefredaktør Signy Fardal, 916 01 775
Leiar for Mediemållaget Berit Rekve, 958 70 611

Bilete av Rekve og Fardal
(foto: Margunn Sundfjord, NPK)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS