FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Barneprogram viktig for språkleg mangfald og toleranse

(Kommentar i Kringom nr. 4-2008)

Er det så viktig korleis det vert tala i barneprogramma i radio og fjernsyn? Kva slags spørsmål er det i eit land som Noreg? Her er mitt eige, personlege svar.

Det vil ikkje minst handla om far min. Han er ein framifrå opplesar, noko eg fekk stor glede av i oppveksten. Då var han mykje rundt og las Prøysen-tekstar, men framfor alt las han for meg om kvelden. Ei spesiell oppleving var det når han las høgt frå Stompa-bøkene. Det er grunnen til at eg vil gi han slik plass her.

Når far las Stompa, høyrdest det ut som eit radiohøyrespel. Han las med rett dialekt på alle personane. Vel er han svært god til å ta desse talemåla, men han må ha vore inspirert av høyrespela frå Laurdagsbarnetimen og filmane. Slik styrkte han opplevinga og innsikta mi i noko av talemålsmangfaldet i Noreg. Eg lærte å skjøna og setja pris på at det finst mange variantar av norsk tale. Kanskje var dette kimen til at norsklæraren min kunne skapa ei forståing hjå meg av det skriftlege mangfaldet då vi tok til med nynorskundervisninga.

Mine eigne erfaringar har gitt meg ei særskild uro for at borna i dag ikkje får tilsvarande mangfelte språklege inntrykk gjennom kultur og underhaldning i radio og fjernsyn. Det dreiar seg ikkje berre om at dei ikkje får høyra korleis andre talar, men òg at dei ikkje får oppleva at måten dei sjølve talar på, er bra nok. For skal ein ikkje kunna krevja av kringkastinga – som ein kulturell institusjon i Noreg – at ho medverkar til å styrkja den språklege sjølvkjensla, mangfaldet og toleransen i landet?

Sjølvsagt finst det grenser for kor langt ungar kan reisa for å vera med i produksjonar, slik vi har høyrt frå Marienlyst. Men allmennkringkastarane må ta eit stort ansvar for å leita fram krefter som kan sikra at barneprogramma gir eit langt betre uttrykk for talemålsstoda. Nokre dosar normert nynorsk må det òg vera rom for. Det finst skodespelarar som kan dubba film, og det finst miljø ved distriktskontora som kan laga gode barneprogram på ulike dialektar og nynorsk.

Ikkje alle er så heldige at dei veks opp med eit heilt høyrespel av talemålsvariantar når det skal lesast godnattsoger. Dess viktigare er det at dei som syter for programtilbodet til borna, òg tek eit ansvar for det språklege mangfaldet.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS