FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Er det plass til nynorsken når media er i krise?

 (31.03.2009)

Det er krise og nedskjeringar i mediebransjen for tida. Er det då rom for betre kvalitet og dessutan kamp for meir nynorsk?

Det går mest ikkje ein dag utan at eit medium melder om nedskjeringar og økonomisk krise. Mange journalistarbeidsplassar forsvinn, nokre aviser og lokalfjernsynsstasjonar har alt gått dukken, og dei store mediehusa reduserer tilbodet. Det går an å forstå at tillitsvalde og redaktørar har anna å tenkja på enn språkpolitikk. Men samstundes kan ikkje vi la dette liggja.

Langsiktig medisinering: kvalitet, vesentlegheit og godt språk
Saman med handteringa av krisa er det naudsynt for mediene å tenkja utvikling og kva dei skal levera i framtida. Det er sjølvsagt mest illusorisk å tenkja seg at ein kan løfta kvaliteten om færre journalistar skal produsera den same mengda stoff som ein gjer no. Nokre kommentatorar har jamvel teke til orde for at avisene bør bli tynnare og satsa tyngre på den journalistiske kvaliteten.

Eg er overtydd om at kvalitet, vesentlegheit og godt språk vert viktigare i tida framover. Kan henda må det gå utover volumet, men det er eit strategisk val for ei tryggare framtid, særleg for papiravisene. Etter at vi har vore overauste med store mengder stoff i alle slags kanalar, er det ikkje utenkjeleg at fleire mediebrukarar vil bli meir selektive og leita grundigare etter det vesentlege. Naivt? Tja, sei ikkje det.

Kva om nynorsken får plass i dei store riksavisene?
Om ein ser på opplagsstatistikken som kom i februar, ser det særleg dårleg ut for dei største riksavisene. Ein kan jo lura på om dei eigentleg trur det vert mykje verre om dei skulle våga å la dei journalistane som vil, skriva nynorsk. Her står redaktøransvaret i motsetnad til den retten til å ytra seg på nynorsk som mange journalistar ønskjer seg.

Mange av dei såkalla meiningsberande avisene, regionavisene og lokalavisene vert redigerte på begge målformer. Det ser ikkje ut til å vera noko problem eller trugsmål. (Mange av desse har forresten svært stabile opplagstal.)

Og då er vi ved den heilt opplagde konklusjonen: Redaktørane må kanskje fornya tenkinga om den ”redaksjonelle fridomen” og tillata dei journalistane som vil, å skriva nynorsk. Kanskje dei ved å få nytta det språket dei kjenner mest som sitt, til og med kan tilføra noko kvalitet.

(Leiarkommentar i gjestespalta i Kringom, nr. 1.09)

Berit Rekve
Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS