FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Samarbeid og synleggjering for nynorsken

(Kommentar i gjestespalte, Kringom nr. 2-2009)

For andre gong har Mediemållaget skipa til Dei nynorske mediedagane i lag med eit mangfald av samarbeidspartnarar. Styret har vedteke å halda fram med tilskiping i 2010.

I år, som i fjor, inviterte vi organisasjonar og verksemder både frå nynorskhald og medieorganisasjonane. Ideen har vore å laga eit torg der samarbeidspartnarar kan koma med program og bidrag dei sjølve ønskjer. Dette har gitt eit program med stor breidd og rom for både kurs, historie, nett, ordskifte, lesestund for dei yngste og fest. Om lag 250 personar var innom dei ulike tilskipingane.

Vi trur at Dei nynorske mediedagane kan vidareutviklast og brukast til endå betre tilskipingar og samarbeidsprosjekt på kryss og tvers mellom ulike verksemder. I dei to åra vi har halde på, har vi fått kontaktar langt utover nynorskfamilien. Dette vonar vi mange kan dra nytte av når vi tek til med arbeidet for 2010. Alle som har gode idear, er hjarteleg velkomne til å koma til oss med dei.

Og så må vi gjera ein sving innom regjeringa…
I skrivande stund er det berre nokre timar sidan den nye regjeringa kom på plass. Eg trur alle i nynorskrørsla er spente på korleis dei nye statsrådane i dei departementa som særleg styrer med nynorsken vil følgja opp. Anniken Huitfeldt skal forvalta språk-, kultur- og frivilligheitspolitikken, Kristin Halvorsen skulepolitikken, og Rigmor Aaserud har ansvar for skolering av statstilsette. Alle tre er nye på områda sine, og vi kjem til å følgja opp korleis dei varetek ansvaret for nynorsken. Vi byrjar med å ønskja dei lykke til!

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS