FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Ein fager vårdag for nynorsken

av Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
Kommentar i Kringom 2-2010

125-årsdagen for jamstellingsvedtaket 12. mai vart ein heilt spesiell
dag på Twitter.

For dei som ikkje veit kva Twitter er: ei mikrobloggteneste der ein har følgjarar og kan følgja folk ein finn interessante. Kvar melding har ei grense på 140 teikn, du kan svara på det folk skriv, og formidla nettlenkjer til saker du vil dela. Her er det både skarpe saksdiskusjonar, humor, hjelp å få når du lurer på noko, tips om ting som skjer. Ja, her finn du eit mangfald av sjangrar, synspunkt og kjensler.

Stunt-tvitring
Kva skjedde så 12. mai? Jo, plutseleg var det mange meldingar på nynorsk. Korleis gjekk dette til? Eg såg noko liknande 5. august i fjor, på åremålsdagen til Ivar Aasen. Difor hadde eg ein idé om at dette kunne bli større i år. Eg gjorde avtale med nokre om å «stunt-tvitra». Poenget var ikkje å skriva om nynorsk, men på. Dagen før hadde eg ein kronikk i Aftenposten om jubileet,
«Meirspråkleg glede». Mange tvitrarar vidareformidla lenkja. Så, seint på kvelden 11. mai kom oppmodinga frå ei av dei som har f lest følgjarar, om å tvitra på nynorsk på åremålsdagen for jamstellingsvedtaket. Og sanneleg, ei stor mengd tvitrarar som normalt skriv bokmål, skreiv nynorsk. Mange skreiv ting som at «eg er visst ikkje så flink, men prøver meg». Men sanninga er at
mange er mykje f linkare enn dei trur. Her gjaldt det dessutan at vi som skriv nynorsk til vanleg, ikkje kom styrtande med rettingar, men svara på spørsmål og gav ros.

Kva var vitsen?
Kvifor fortel eg dette? Jo, fordi det viser seg som ei interessant form for synleggjering og arbeid for nynorsken. Sjølv byrja eg ikkje å bruka Twitter for å skriva om nynorsk, men mange legg merke til måten eg skriv på, og
responderer positivt. Ein interessant observasjon er at mange svarar på nynorsk når vi nynorskingane tvitrar, eller dei stiller språkspørsmål.

Skuleelevar spør om tips. Sjølvsagt kjem noko av motstanden mot nynorsken til uttrykk òg, men sjeldan i den ufine forma vi ser på det verste. I staden for å samlast til fest på ein utestad, vart dette, i alle fall for meg, ein fin nettfest som gjekk over meir enn eit døgn. Der ein kunne stikka innom festen, ta ein tur ut og få unna andre gjeremål, ta seg ein tur innom att, og treffa folk frå heile landet.

Nesten kvar dag møter hundrevis av følgjarar nynorsken min. Dei finn sikkert glede i å møta din òg.


Du kan fylgja med på Twitter: sjå etter Mediemallaget eller
BeritRekve.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS