FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Leiaren har ordet

 (05.03.2011)

(Innleiing til årsmøteheftet 2011)

Godtfolk!
Det er gildt å nok ein gong ha høve til å oppsummera eit godt år for Mediemållaget. For fjerde året på rekkje har vi set ny rekord i talet på betalande medlemer. De skal alle ha takk for at de er med på laget.


For tredje året på rad har vi skipa til Dei nynorske mediedagane. Dette er den største satsinga vår og truleg den mest omfattande tilskipinga noko einskildlag i målrørsla har ansvar for. Vi er svært takksame for samarbeidet med dei som bidreg til programmet og støtta frå sponsorar - takk skal de ha alle saman!

Midt i det store mediebiletet, der søkjelyset særleg er på dei største mediehusa, er det lett at ein gløymer lokalavisene. Det er det ikkje grunn til at ein skal gjera. Opplagstala for lokalavisene viser stabilitet, i motsetnad til den sterke nedgangen i tala for dei store avisene. Det er i dette landskapet vi finn avisene som er redigerte heilt eller delvis på nynorsk. Lokalavisene står for ein stor og viktig del av produksjonen av nynorsk tekst i det offentlege rommet. Det skal vi vita å verdsetja. I tillegg finn vi mykje nynorsk i nokre av regionavisene, særleg Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. Så er det berre å vona at stoffutvekslinga dei har med andre aviser fører til at også desse tek inn stoff på nynorsk og held opp med å anten omsetja til bokmål eller utelukka stoffet på nynorsk. Vonleg kjem det i hovudstadspressa etter kvart.

Det er òg god grunn til å nytta denne plassen til å gratulera den einaste nynorske riksavisa, vekeavisa Dag og Tid, med ein strålande opplagsvekst det siste året, heile 10 %. Avisa er svært viktig for nynorsk i media og sikkert ein inspirasjon for mange som skriv nynorsk og brenn for nynorsk mediekultur.

I 2010 fekk òg nynorskpressa si eiga historie. Verket “Avisene som utvida Noreg” av Ottar Grepstad viser tydinga av nett dette pressetilfanget gjennom lang tid. Det er godt å ha med slik historisk ballast i arbeidet, vita kva for aksler ein står på.

Styret i Mediemållaget satsar vidare frametter på å bidra til synleggjering, inspirasjon og styrking av nynorsk mediespråk. Vi held fram med Dei nynorske mediedagane og samarbeid med ymse organisasjonar og verksemder. Vi ser framover mot det store jubileumsåret 2013, då det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og 100-årsjubileum for Det Norske Teatret. På vegen fram dit byrjar vi med ei rekkje “vorspiel”, eller føreleik som vi kallar det, og inviterer dykk alle til “Føreleik 2013”. Den første føreleiken kjem i samband med årsmøtet (sjå neste side) og eit føredrag med tittelen “Kampen om Kristiania - om Det Norske Teatrets opningsveke i 1913”. Og som vi skal få høyra, det gjekk hardt for seg i pressa òg.

Det er nok av utfordringar å ta fatt på. Hjarteleg velkomne til vidare arbeid, fellesskap, strid og gleder.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS