FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Kven kan eg gi ros i dag?

I januar fekk redaktøren for NRK Østlandssendingen, Per Arne Kalbakk, Nynorsk redaktørpris av Mediemållaget. Kalbakk er ein modig redaktør som står imot trykket og held fast ved at journalistar skal kunna lesa distriktsnyhende på nynorsk for lyttarane i hovudstadsregionen.

Vi er mange som set pris på det, men huttetu for nokre telefonar dei av og til må ta imot i NRK-Ø! Spitorda om nynorsk, vestlandsk tale og journalist Ingvill Tandstad som les nynorsk, sit laust.

Det mange truleg ikkje tenkjer over, er at ein stor del av innbyggjarane i Oslo og Akershus har nynorskbakgrunn. Om ein deler inn verda i kommunar, er Oslo sikkert den kommunen i verda der det vert produsert mest nynorsk. Også når det gjeld andre område i landet, må vi stå fast på at nynorsken har ein plass: Nynorsk er jamstilt med bokmål, og nynorsk er ei av dei riksomfattande språkformene i Noreg! Vi må arbeida for at det vert skapt ei betre og tydelegare forståing av nett dette.

Det er eit viktig mål at alle kan oppfatta at nynorsk er eit språk for alle i Noreg, som alle bør kunna lesa og skriva. Det er viktig å få fram at dette er ein variant av norsk som er for alle, og som kan nyttast til alle sjangrar og alle slags tema. Mange omtalar nynorsken som noko som høyrer til poesi og annan litteratur, bygdenoreg, landbruk, tradisjonskultur og språkdisputt. Vi må arbeida for ei allmenn forståing for at nynorsk, på same vis som andre språk, eignar seg til å skriva og lesa nyhende og kommentarar, det vera seg finanstema, utanrikspolitikk, mote eller urbane utviklingstrendar. Vi må slå fast at det ikkje er nok ibuande pent, stygt, breitt, smalt, urbant, ruralt og så vidare i språk. Språkbruk dreiar seg, både munnleg og skriftleg, om korleis språkbrukarar nyttar verktyet. (Det er fullt mogleg å uttrykkja seg klønete, plumpt og snirklete byråkratisk på nynorsk òg …)

Eg tykkjer nynorskingar skal nytta eit kvart høve til å senda eller ringja inn meldingar med ros til redaktørar, journalistar, kommunikatørar og reklamefolk som gjer nynorsken synleg i det offentlege rommet. Det er så lett å risa når nokon seier eller skriv eit ord eller gjer eit formval som ein ikkje likar, eller for det ein ikkje får til. Sjølv om rolla vår også er å vera vaktbikkjer, er det all grunn til å gi «vind i ryggen» til dei som faktisk får nynorsken fram. Kjenn etter: Kven kan eg gi ros i dag?

(Teksten er henta frå gjestespalta vår i Kringkastingsringens medlemsblad Kringom 1-2007)

Berit Rekve
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS