FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Torpedoane…---…

 (14.06.2011)

av Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
Kommentar i Kringom 2-2011

…---…

Det er freistande å la det bli med dette. Rett og slett senda ut naudsignalet. For dei som ikkje er fortrulege med morsealfabetet, teikna betyr S.O.S – Save Our Ship.

Eg er uroa. Uroa og provosert. Det er to kjelder til dette. Den eine er landsmøtevedtaket Høgre nyleg gjorde om sidemål. Den andre er norsklærarane som no har byrja eit felttog for å drukna nynorsken. Dei er visst byrge av at over 600 har underskrive oppropet. Dei talar om sidemål, men ein treng ikkje pirka lenge i dei før dei ”gløymer seg” og seier ”nynorsk”.

Eit uthola språkfag
Nokre peikar på at norskfaget stadig vert stappa med nye emne. Det kan vera gode grunnar til at ein skal ha eit meir omfattande tekst- og kommunikasjonsfag i dag enn i det gamle gymnaset. Ei ny medietid krev det. Men timetalet er om lag det same, og det ser ut til at det reint språklege tapar terreng. Eg kan dessutan ikkje dy meg for å seia dette: Gjennom mange år har fleire enn eg hatt inntrykk av at det ikkje er det språklege i nordiskfaget som er interessa til dei som studerer det, men litteraturen. Når ein møter norsklektorar som ikkje har orden på elementære termar som skilnaden på målføre og målføre, vert ein jo lett litt oppgitt. Det er grunn til å mistenkja at noko av undervisninga dampar av negative haldningar. Nokon som kjenner til parallellar i andre fag? Mattelærarar som motarbeider dei vanskelegaste emna i faget? Det er ”lov” å vera illojal mot sidemålet, den legitime prügelknaben i skulen. Diktanalysen var òg ein slik då eg gjekk på skulen, men får visst fred no, heldiggrisen.

Korleis ein skal vekta evalueringa av ulike emne om det vert éin karakter i norsk i framtida, er ikkje godt å seia, men skal sidemål ha meining, må det vera ein skriftlegdisiplin. Om elevane ikkje skal læra å skriva sidemålet sitt, kan ein like gjerne tala om emnet litteratur. Å kalla det ”munnleg sidemål” er i beste fall fagleg nytale.

Jamstelling farvel?
Det ikkje så godt til med jamstellinga av nynorsk og bokmål som riksspråk. Dei som har krav på seg frå styresmaktene, statsforvaltninga og NRK, oppfyller ikkje krava til nynorskdel. Vedtaket på Høgre-landsmøtet kan på sikt bli første delsiger for dei som gler seg til å fjerna mållova. Konsekvensane kan fort bli at nynorsk vert eit reint regionalspråk som stadig færre brukar og har god dugleik i. Og dei som brukar han, vil i mindre og mindre grad møta han i kontakt med styresmaktene. Dette smittar sjølvsagt over på andre sektorar.

Det undrar meg at Høgre, som liker å framstå som kunnskaps- og kulturparti, ikkje har vilje til å føra vidare denne kulturarven. Her har ein lagt seg flat for ”minste motstands veg”. Den jamstelte språkarven har fått ein torpedo under seg.

Nynorsken og mediene
Alt heng i hop. Korleis inspirera dei som ikkje kan påleggjast å bruka nynorsk når jamstellinga vert undergraven? Det er sanneleg vrient nok som det er. På den eine sida er det meir toleranse for å lesa nynorsk i alle slags medium no enn før. Motemagasinet Elle er eit godt døme på det. På den andre vil fleirtalet sleppa å læra det.

Nokre kommentatorar i media har peika på fordelane ved kunnskap i begge målformene, at bokmålet til journalistane har godt av nynorsken.

Nettopp.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS