FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Redaktørplakaten blir lovfesta

 (21.12.2007)

Kultur- og kyrkjedepartementet la i statsråd fredag fram eit lovforslag om redaksjonell fridom i media.

- Den redaksjonelle fridomen er i dag under press frå mange kantar. Vi meiner det er naudsynt å sikre den redaksjonelle fridomen gjennom lov. Redaktørane skal vere garantistar for sjølvstende og integritet. Med denne lovfestinga av Redaktørplakaten vil vi styrkje grunnlaget for den frie meiningsdanninga i samfunnet, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Lovutkastet slår fast at redaktøren skal leie den redaksjonelle verksemda og treffe avgjerder i redaksjonelle spørsmål innanfor rammene av grunnsynet og føremålet som mediet byggjer på.

– I høyringsrunden gav den norske pressebransjen ei eintydig tilbakemelding om at lova også bør gjelde norsk fag- og vekepresse. - Vi har difor valt å gi lovframlegget ei noko vidare ramme enn det opphavlege høyringsutkastet, seier kulturminister Giske i.

[Kjelde: Pressemelding frå Kultur- og kyrkjedepartementet)
Foto: Guri Dahl/Statsministerens kontor

Les også om høyringa.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS