FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Elle opnar for nynorsk

 (25.04.2007)

– Takk for at du er med å vise at nynorsk òg er eit motespråk, sa leiar i Mediemållaget Berit Rekve då ho sist torsdag gav blome til redaktøren i Elle Norge, Signy Fardal.


Høvet var at redaktøren i den norske utgåva av verdas største motemagasin for første gong let trykka ein artikkel på nynorsk.
– Vi veit at ein del av lesarane våre er nynorskbrukarar, sa Fardal under overrekkinga.

– Det er like lite overraskande som å sjå ein kvinneleg taxisjåfør.
Og kva er då meir naturleg enn å gje dei motestoff på eiga målform? I aprilutgåva av bladet finn ein fem sider om «Hemmelege hårtriks frå A til Å». Ifølgje Signy Fardal er dette berre byrjinga. Neste månad lovar ho eit intervju med den amerikanske superstjerna Jessica Simpson – på nynorsk.
– Redaksjonen synest berre det er gøy, sa redaktøren, som ikkje såg nokon grunn til å lata det bli med dette.
I ti år har Elle påverka klesmoten. Kan henda vil dei i framtida også påverka språkmoten.

Tekst og foto: Arne Olav L. Hageberg

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS