FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Mediemålpris til Inger Johanne Sæterbakk

 (03.05.2007)

Inger Johanne Sæterbakk er tildelt Alf Helleviks mediemålpris av Samlaget.


Sæterbakk er journalist i NRK Troms og Finnmark. Ho gjekk nyleg av som leiar for Mediemållaget, men er framleis varamedlem i styret. Vi gratulerer!

Pressemelding frå Samlaget

Frå juryens grunngjeving:
Sæterbakk brukar ein ledig, men normfast nynorsk, og har ei fin munnleg framføring, bygt på eit gjenkjenneleg nordnorsk dialektgrunnlag.

Sæterbakk er fødd 1981 i Bodø og er oppvaksen i Orkanger. Med bokmål som opplæringsmål i skulen, valde ho på vidaregåande skule å ta i bruk nynorsk som hovudmål.

Inger Johanne Sæterbakk har studert nordisk språk, historie og kulturhistorie på Universitetet i Oslo. Ho gjekk i første kullet på Nynorsk Mediesenter i Førde i 2004.

Prisnemnda har denne gongen lagt vekt på å løfte fram ein nynorskbrukar frå eit område der nynorsk språk er lite utbreidd. Å skifte hovudmål når ein kjem frå bokmålsland, krev ekstra mot og dugleik -også fordi det kan føre til kritikk og motgang.

Nemnda reknar med denne grunngjevinga Inger Johanne Sæterbakk som ei svært fortent prisvinnar.

Bakgrunn og formål
Mediemålprisen vart oppretta i 1998. Bakgrunnen for prisen er at Samlaget har vedteke å skipe eit fond til å stø arbeidet til yngre nynorskbrukarar. Grunnlaget for fondet er at ein del av royaltyen for Helleviks Nynorsk ordliste er sett av til fondet. Ordninga gjeld frå og med salsåret 1997.

Fondet har dette føremålet:
a. Gje ein mediemålpris til ein yngre nynorskbrukar i radio og fjernsyn.

b. Stø arbeidet til Studentmållaget i Oslo og Norsk Målungdom, eventuelt andre liknande organiserte tiltak.

Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. I dette ligg det ikkje noka nedvurdering av den menneskelege og språklege verdien av at den vanlege mann og kvinne bruker sitt naturlege talemål, t.d. i ein intervjusituasjon.

I prisnemnda sit NRK-journalist Ingolf Håkon Teigene, professor ved Universitetet i Tromsø Tove Bull og nyheitsredaktør i Kanal 24 Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, alle oppnemnde av Det Norske Samlaget. Fondskapitalen er per 31.12.2006 på kr 423 364.

Prisen
Kvar pris er på kr 10.000, og det kan årleg delast ut ein eller to prisar.

Utdelte prisar:

2007 Inger Johanne Sæterbakk

2006 Siri Lill Mannes

2005 Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

2004 Ingvild Bryn

2003 Oddgeir Bruaset

2002 Kari Sørbø

2001 Ragnhild Sælthun Fjørtoft

Nils Gunnar Lie

2000 Bjørn Bø

1999 Morten Sandøy

Eli Strand

1998 Ingolf Håkon Teigene

Magnhild Bruheim

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS