Nye språkreglar i NRK – dialektbruk må ikkje svekkja nynorsken
(14.08.2007) Dei nye språkreglane til NRK opnar for meir bruk av dialekt. - Mediemållaget er oppteke av at dette ikkje skal gå ut over bruken av nynorsk standardtalemål, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.
Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas har lova meir nynorsk i NRK. - Vi set pris på eit så klart signal, og meiner det må følgjast opp i innarbeidinga av dei nye språkreglane.
NRKs direktørmøte vedtok dei nye språkreglane den 19. juni.
|
|