FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk i KK

 (29.08.2007)

Ingvild Kjøde er den fyrste som har fått skrive nynorsk i vekebladet KK. - Eg registrerte at ein av konkurrentane våre i vår hadde ei sak på nynorsk. Då spurde eg redaktør Engesland om ikkje eg også kunne få lov. "Klart det", svara ho, fortel Kjøde til Møre-Nytt.

I vår opna sjefsredaktør Signy Fardal for nynorsk i Elle sine spalter, og både magasina Eva og Henne hatt nynorske artiklar på trykk. No fylgjer altså KK etter.
- Valet av nynorsk var naturlig i portrettet av Jon Fosse, seier sjefsredaktør Bente Engesland i KK til Dag og Tid, som kreativt nok har funne det like naturleg å laga intervjuet med henne på bokmål. Ho fortel vidare at ho meiner å sjå ei ny interesse for nynorsk i nokre miljø, av di identitet er blitt viktigare for mange.

Noregs Mållag
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS