FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Norsk kulturråd etablerer innkjøpsordning for tidsskrift

 (02.01.2008)

15 kulturtidsskrift blir kjøpt inn til folkebiblioteka. Over førti andre tidsskrift har fått støtte frå 30 000 til 100 000 kroner. Totalt har Kulturrådet fordelt nærare 4,5 millionar kroner på tidsskrifta i denne omgang.

Pressemelding frå Norsk kulturråd 18.12.2007:
For 2008 lanserer Norsk kulturråd ei prøveordning med innkjøp av allmenne kulturtidsskrift til folkebiblioteka. Dette inneber at heile 2008-årgangen av følgjande tidsskrift blir å finna i folkebiblioteka over heile landet: Samtiden, Vinduet, Vagant, Syn og Segn, Kultmag, Marg, Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift, Bokvennen, Kunsthåndverk, Z, Nytt Norsk Tidsskrift, Arr, Fett, Levende Historie og Historie. Av desse tidsskrifta er Tromsø-baserte Marg det yngste med knapt eitt år på baken, medan 117 år gamle Samtiden er det eldste.

- Den nye innkjøpsordninga gir publikum eit betre bibliotektilbod og gir tidsskrifta mange fleire lesarar, seier Ottar Grepstad, leiar i Fagleg utval for litteratur og allmenne tidsskrift i Norsk kulturråd. - Sjølv dei største kulturtidsskrifta har overraskande få bibliotek i abonnentlistene sine, så dette blir ei kraftig endring både for tidsskrifta og biblioteka.

Innkjøpsordninga er førebels ei prøveordning for 2008, og ingen av dei femten utvalde tidsskrifta er garantert vidare støtte. Neste haust blir ordninga evaluert, og tidsskrifta må senda inn nye søknader om å bli med i ei eventuell vidareføring av innkjøpsordninga.

I tillegg til tidsskrifta som kjem inn under innkjøpsordninga, har over førti andre tidsskrift fått støtte frå 30 000 til 100 000 kroner. Blant desse finst mellom anna fleire minoritetsspråklege tidsskrift. Totalt har Norsk kulturråd fordelt nærare 4,5 millionar kroner på tidsskrifta i denne omgang.

- Berre sidan 2005 har Norsk kulturråd auka løyvinga til kulturtidsskrift med nesten 80 prosent. No er støtta til norske kulturtidsskrift komen opp på eit solid nivå. Vi vonar dette kan gi betre vilkår for dei som skriv i tidsskrifta, gratulerer lesarane og ønskjer tidsskrifta lykke til, avsluttar Grepstad.

Liste over tildelingar

Kontaktpersonar:
Ottar Grepstad 906 16 727 og Arne Vestbø 22 47 83 37

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS