FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Heider til Eva Røyrane i Bergens Tidende

 (23.01.2008)

Fredag 18. januar fekk journalist Eva Røyrane i Hus og Hjem-redaksjonen i Bergens Tidende målblome frå Mediemållaget. Ho vert heidra for bruken av
nynorsk på arkitektur- og designområdet.
- Nynorsk ikkje er brukt så mykje i magasin for arkitektur, design og interiør. BT-magasinet Hus og Hjem er eit sjeldant unnatak. Mediemållaget meiner Røyrane er eit føredøme ved å visa at nynorsk er eit sjølvsagt språk òg på dette området, sa leiar Berit Rekve under utdelinga.

Eva Røyrane (t.v.) fekk målblome og diplom i Hus og Hjem-redaksjonen. (foto: Vidar Rekve)

- På mange stoffområde er nynorsken mest fråverande. Difor er det viktig for oss i Mediemållaget å gjera dei gode føredøma synlege, seier Rekve. - Det vert utgitt mange tidsskrift og magasin om arkitektur, design, interiør og byutvikling, men det er sjeldan nynorsk tekst i desse. I Hus og Hjem får vi nynorske tekstar på dette området kvar fredag.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS