FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Ambisjonar for framgang

 (09.02.2008)

(Leiar i årsmøteheftet)
Vi har lagt eit fint jubileumsår bak oss, og det har vore inspirerande og mangt å gle seg over. Det er tid for å finpussa ambisjonane for åra som kjem.

Det siste året har vi sett døme på at nynorsken har fått sleppa til i den kulørte pressa, og vi har markert dette med å gje ros og heider. Også reklamebransjen har vist gode døme. Når nynorsken kjem til på område der han har hatt liten plass før, vert vi sjølvsagt entusiastiske. No står det att å sjå om dette er meir enn døgnfluger. Då eg sende ei melding til Kamille-redaktøren med ros for ein artikkel på nynorsk, fekk eg eit svar (på trykk!) som burde vera retningsgjevande for alle redaktørar: ”Vi er landsdekkende, og dette skal selvfølgelig gjenspeile seg i språket, type saker osv.” Slik skal det låta!

Samstundes er det lett å gløyma dei som står for den jamne, lange tradisjonen for nynorsk som mediespråk. Nynorsk Pressekontor er i framgang, og har fått på plass eit spennande samarbeid med NTB. Ein milepåle er passert når nynorskforbodet i NTB no er oppheva. Dag og Tid som riksdekkjande vekeavis er viktig og i positiv utvikling, og vi må vera vakne overfor rammevilkåra avisa har. Det er dessutan god grunn til å trekkja fram lokalavisene. Desse har vist interessant framgang dei siste åra, og dei utgjer eit viktig møte med nynorsken for lesarane.

Viktig for nynorsk sjølvkjensle
Om elevar ikkje møter nynorsken i omgjevnadene sine, som i pressa, offentleg informasjon, nærings- og organisasjonsliv, går det ut over den språklege sjølvkjensla og opplevinga av at nynorsken skal vera like sjølvsagt som bokmålet. Landslaget for Lokalaviser melder at om lag 50 % av medlemsavisene er nynorskaviser. Om lag ein firedel av abonnentane på lokalavisene er utflyttarar. Med den geografiske mobiliteten vi har i dag, betyr dette at mange held fram med å lesa stoff på nynorsk sjølv om dei bur i delar av landet der nynorsken mest er usynleg i pressebiletet. Dermed er det, i tillegg til argumenta om pressemangfald, viktige språklege argument for å kjempa for vilkåra til lokalavisene. Pressestønaden er stikkordet.

Språk treng “kjerneområde” for ha godt nok fotfeste til at vi kan halda fast ved prinsippet om eit jamstelt riksspråk. Vi må både stø og synleggjera dei som nyttar nynorsk i desse områda og samstundes arbeida overfor riksmedia, forlag, reklame- og kommunikasjonsverksemd og dei som har ansvar for offentleg målbruk. Slik kan vi hindra målbyte for dei som har nynorsk som hovudmål, styrkja oppslutninga om sidemålsopplæringa og tryggja den nynorske språkkulturen.

Det vakraste eventyret i vår?
Soria Moria-erklæringa slår fast at ”Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter”, og ”Regjeringen vil stimulere til økt bruk av nynorsk i media”. Eitt av punkta i Kulturløftet vi må forventa at dei innfrir no, er oppretting av Vinjefondet, som skal ha som føremål å styrkja nynorsk journalistikk. Regjeringa må nytta Det internasjonale språkåret 2008 til å la stortingsmeldinga om språk bli det vakraste eventyret i vår – og full av realitetar som monnar!

Det er eit godt signal at Regjeringa legg tyngre press for at statsorgana skal følgja mållova. Auka løyving til nynorsk litteratur og tidsskriftordninga i Norsk kulturfond er peikar òg i rett lei.

Den storleiken, den storleiken…
Då Mediemållaget skulle skipast i 1977, hånte ein profilert dagbladjournalist initiativtakararne og sa at ”dette vil bli Noregs minste mållag”. Han fekk ikkje rett, vi er faktisk av dei større. Men potensialet er stort. Som de vil sjå, legg styret fram eit ambisiøst arbeidsprogram for det komande året. Om vi ser litt vidare, kan 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel vera eit høveleg tidsstrekk. Då kan det passa å ha minst to hundre medlemmer i 2013 som mål. Vi treng å vera mange og å stø kvarandre for koma nærare målet om nynorsk som eit sjølvsagt jamstelt rikspråk på alle arenaer. Haldningane til nynorsk er jamt meir positive enn tidlegare. Det er godt, for det er eit stykke veg att.
Ja vel, då går vi, då – i lag.

Berit Rekve
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS