FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Regjeringa presenterer språkmeldinga i Aasen-tunet

 (23.06.2008)

Fredag legg regjeringa Stoltenberg fram den stortingsmeldinga om språkpolitikk som mange ventar spent på. Straks statsråd er ferdig, presenterer statssekretær Wegard Harsvik innhaldet på eit ope møte under Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet.

Stortingsmeldinga er blitt eit svært omfattande dokument som Harsvik gler seg til å leggje fram. – Språk er det mest grunnleggjande ved det å vere menneske, seier han, og dette er den viktigaste meldinga på kulturområdet i denne perioden.

– Det er ei stor ære at meldinga blir lagd fram hos oss midt under Dei Nynorske Festspela, seier direktør Ottar Grepstad. Festspeldagane er dei fleste nøkkelpersonane i nynorskmiljøet samla på Sunnmøre, saman med blant anna direktøren i Språkrådet og representantar for mange institusjonar som arbeider med språk og litteratur.

– Denne regjeringa løfta løyvinga til oss både i 2007 og 2008. Det kjem blant anna festspelpublikummet til gode. Det skal vere ei sann glede å vise statssekretæren litt av det dei midlane blir brukte til, seier Ottar Grepstad.

[Pressemelding frå Nynorsk kultursentrum)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS