FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Blåmann Barnebokklubb på nett!

 (30.11.2008)

No skjer det spennande saker i Blåmann Barnebokklubb. Etter sju års drift går bokklubben no over til elektronisk medlemstilbod, og inngår samtidig eit samarbeid med nettbokhandelen Bokdykk som vil gi Blåmann-medlemmene nye fordelar.

Nettadressa til Blåmann Barnebokklubb er som før www.blamannbok.no, men sidene har fått ny design med mange nye funksjonalitetar. No blir det lettare å finne fram i det store utvalet av nynorske kvalitetsbøker, og å bestille og avbestille bøkene i klubben.

Samtidig kan du søkje i heile barneboksortimentet til Bokdykk frå Blåmanns heimeside, og du får medlemsrabatt på alle norske barnebøker!
Dermed kan du halde deg oppdatert på det beste av nynorske barnebøker, samtidig som du får tilgang til 5000 barnebøker med den same rabatten. Vi håper medlemmene våre vil setje pris på å kunne kjøpe alle barnebøker på same staden og ønskjer både nye og gamle Blåmann-venner velkommen.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS