FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Songkveld for femte år på rad

Songkveldane til Nord-Aural Mållag har vist seg å vera eit populært tiltak. For femte år på rad arrangerer mållaget no songkveld i Aurdal menighetshus. 

3. april arrangerer mållaget songkveld i Aurdal menighetshus. Bruflat sangkor med dirigent Serhiy Bykov som dirigent syng for og med deltakarane, og Margunn Søyland Nesbakken bind det heile saman med sine små kåseri om songane og songdiktarane. I år er "berekraftig turisme" tema for FN-året, og det blir mange vakre songar med hyllest til den norske naturen. Dessutan blir det dikt av gamle heidersmenn som Jul Haganæs (1932–1913) og Olav Bjærum (f. 1937).

Åresal har enno ikkje gått av moten i Valdres, og mållaget kan by på både bøker og nynorske matvareprodukt som gevinstar. Ein god pause til kaffi og kaker høyrer òg med til eit godt lag.

På biletet ser me Margunn Søyland Nesbakken (t.h.) saman med leiar i Valdres Mållag Reidun Dølehuset.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS