| HelsingskortNord-Aurdal Mållag gir og ut helsingskort med motiv og tekster av lokale kunstnarar, forfattarar og skribentar. Me har mange motiv, m.a. for konfirmasjon, og nye opptrykk kjem midt i mai.
 Helsingskorta kostar kr. 20,- pr. stk i direkte sal frå oss.
 Tilbod til andre mållag for vidaresal: kr. 15,- pr kort.
 
   Kort nr. 1Motiv:”Nyrenningen", konfirmasjonskort Margrethe Døvre Ayres, tekst: Tore Ey:
 
 Vil du lære å forstå
 den tida du lever i,
 og laga deg ei meining
 om den tida som kjem,
 lyt du lære å forstå
 så mykje du kan
 av tida som var!
 
 
 Kort nr. 2Motiv: Konfirmasjonskort, motiv og tekst: Eline Bjørnødegård:
 
 Må lukka deg følgje for kvar dag som går
 
 
 Kort nr. 3Motiv: ”Sommerlys mot Fagernes”: Gro Bjørhei, tekst: Olav Bjærum:
 
 Det gode ordet er ei bru
 ifrå eit eg og til eit du.
 Ei helsing er ei utstrekt hand
 som styrkjer nære, frie band
 imellom meg og landet mitt
 og landet ditt
 
   Kort nr. 4Motiv: (Gard og landskap) Gro Bjørhei, tekst: Knut Hauge:
 
 I ein still og umerkeleg straum glir tida
 igjennom dagane, og åra og aldrane.
 Vi tenkjer vel ikkje om det,
 men smiler i overmot
 og trur vi har dagar nok.
 
 Kort nr. 5Motiv: Grete Marit Mørk, tekst: Olav Bjærum:
 
 Når sola skein over land og lende
 var ord vi sende
 ein gyllen straum.
 I skuggetider vart ord vi sende
 til det som tende
 ein nyfødd draum.
 
 
 Kort nr. 6Motiv: (-som ei gul rose) Sigmund Årseth, tekst: Marit Myhre:
 
 Dei gode smil.
 Dei milde ord.
 Alltid vil dei stå og varme
 - som ei gul rose i eit tinnkrus.
 
 
 Kort nr. 7Motiv: (Vårløysing) Sigmund Årseth, tekst: Gunnar Brandsdal:
 
 Det sildrar so varsamt frå våryre bekkjer,
 det klukkar ei von under vårblanke snø,
 i leikande soldans, naturi han vekkjer
 frå storskogen, ned til det grannaste frø.
 
 
 Kort nr. 8Motiv: (Port ved Lomen stavkyrkje) Sigmund Årseth, tekst: Jul Haganæs:
 
 Det lyser kje lenger i glaset ditt no.
 Veiken har brunne ned.
 Rislande lauvfallet legg seg til ro.
 Din er den store fred.
 
 Det lyser kje lenger i glaset ditt no,
 granne og ven.
 
 Men over ein susande seinhaustmo
 stjernene tindrar og brenn.
 
 
 Kort nr. 9Motiv: (Av alle blomar du gjev meg) Sigmund Årseth, tekst: Marit Myhre:
 
 Av alle blomar du gjev meg
 er dei kjærast som aldri visnar
 og aldri døyr:
 Ta vare på godstundene i livet ditt.
 Gøym dei og lagre dei i sinnet.
 
 
 Kort nr. 10Motiv: (Sommarmotiv, konfirmasjonskort) Arne Paus, tekst: Olav Rudi:
 
 No har du di tid – den største i livet,
 du står som eit ungtre i vårfager blom.
 Å, kunne me gjeva dykk alle det beste!
 De eig i vårt hjarte så storfregt eit rom!
 
 Måtte du alltid i lyset få leva,
 bera din soldraum i livsdagen fram,
 byggje til røyndom det store du tenkte,
 heimen den trygge med tuntre og tram.
 
   Kort nr. 11Motiv: (Vinter, liten gut) Arne Paus, tekst: Margunn Søyland Nesbakken:
 
 Vinterkveld i Valdres-fjell,
 guten tenner liten eld,
 mørke natt må vike.
 Ljos i snø på heimebø
 skin så bjart, gir draumefrø
 til hans barnerike.
 
 
 Kort nr. 12Motiv: (Bord, konfirmasjonskort) Sissel Albriktsen Bakke, tekst: Trygve Bjørgo:
 
 Er du der alt,
 du unge dagen min,
 med nye gåver
 til eit morgonsinn?
 
 Det blanke arket
 legg du på mitt bord
 og byd meg fylle det
 med styrkjarord.
 
 
 Kort nr. 13Motiv: (Kvinne i lyset) Anne Marit Nygård, tekst: Margunn Søyland Nesbakken:
 
 Helsing til ein høgtidsdag:
 Ljos og skugge støtt held lag.
 Ungdomsvon og aldrersgåte
 gode er på kvar sin måte.
 
 
 Kort nr. 14Motiv: (Vinter, livet) Anne Steinset, tekst: Ragnhild Fagernæs:
 
 Livet er gåve,
 ta vare på det.
 Lev det og bruk det
 til glede og fred.
 
 
 Kort nr. 15Motiv: ”Frå Turtagrø” Leslie Ayres, tekst: Leslie Ayres, til norsk ved Olav Gullik Bø:
 
 Stars
 Countless stars filled the night sky,
 I never tried to count them.
 Anyway
 That night I lay on my back.
 
 Stjerner
 Tallause stjerner
 strøydde over nattehimmelen.
 prøvde ikkje å talfeste dei,
 men i svevnen
 låg eg snudd mot stjernene
 likevel.
 
   Kort nr. 16Motiv: ”Min hemmelige hage” Eva Laila Hilsen, tekst: Olav Gullik Bø:
 
 Dei breie vegane går dei fleste
 på leiting etter det aller beste.
 Men lykka kan vera vel så stor
 langs smale vegar og sidespor!
     
 Kort nr. 17 Motiv: Gro Bjørhei, tekst: Bergljot Strand Eg mjukar kjake med vinden og sola, kjenner dei kjem med ei helsing frå deg. Så mjuke og milde som augo dine er kvelden som blånar mot meg.     
 Kort nr. 18 Motiv: «Nye greiner, nye skot» av Margrethe Døvre Ayres, tekst av Bjørn Skøre Kjærleik er ikkje å eige eit anna menneske. Kjærleik er å gi den du er glad i friheit til å vera seg sjølv, leva sitt eige liv, ikkje attom deg, ikkje framom deg,  men ved sida di!     
 Kort nr. 19 Motiv: Gunvor Hegge, tekst: Olav Nerstad Lækjande sommarnatt-stille. Bakom fjell har sol gått ned. All strid er stroken or hugen. Eg kan nyte så god ein fred.   
 Kort nr. 20 Motiv "Langehage, Nørre Syndin": Sigfred Hovda Tekst: Bjørn Skøre Dagane går – fortare og fortare. Åra framom deg blir færre, åra bakom blir fleire og fleire. Men om du no ikkje kan legge dagar til livet, så kan du likevel legge liv til dagane!     
 Kort nr. 21 Motiv "Skogshorn": Tormod Brufladt Tekst: Eigil Steinsfjord Livet er som Skogshorn, du meiner deg toppen å sjå, men oppkomen dit ser du nye høgder å nå – |