FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Ny bok frå Kvitvella Forlag!


Kvitvella Forlag gjev no ut ei barnebok av Kirsten Onstad frå Leira.

Elise er sint på mamma fordi ho er så streng mot henne og bror hennar, Markus, og fordi ho aldri har tid til å vera saman med dei. Ikkje ville mamma la Elise få lov til å ha katt heller, og ikkje bryr ho seg om katten Truls etter at han kom i huset. Men så skjer det noko som gjer at Elise heilt gløymer å vera sint. Ein dag då ho og Olai er på jakt etter tomflasker, kjem dei til ein stor, flat stein inni skogen. Der skjer det noko merkeleg ...

Magi fører hovudpersonane i boka, Elise og Olai, attende i tid, der dei møter ungdommar på sin eigen alder. Gjennom opplevingane til dei to ungdommane frå vår tid fortel Kirsten Onstad korleis det var å vera ung i Valdres for femti og hundre og år sidan – og endå lenger attende. Desse møta blir også viktige for Elise og forholdet ho har til mora.

Den magiske hemmelegheita er ei barnebok, men er samtidig ei bok for menneske i alle aldrar. Med livserfaring frå arbeid med menneske i ulike livsfasar har Kirsten Onstad den menneskekunnskapen som gjer henne skikka til å forstå og framstille både barn og vaksne.

 

Kirsten Onsta (f. 1955) er utdanna spesialpedagog og har arbeidd med både unge og gamle innanfor helse- og omsorgssektoren. Dette er den fyrste boka ho gir ut, men ho har dikta og skrive mykje heile livet.

Håkon Aasnes har illustrert boka. Han er mest kjend for å ha laga tekst og teikning til Stomperud, Smørbukk og Annika gjennom fleire tiår.

Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS