FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Knut Hauge-jubileum 31. mai

– Kvifor eg tok til å skriva? Av di eg ikkje kunne la vera. Eg måtte vera tildelt den lagnaden.
Ein av dei mest markante Valdres-forfattarane gjennom tidene, Knut Hauge (1911–1999), ville fylt hundre år i år. Komiteen for Knut Hauge-jubileet i 2011 inviterer deg til hundreårsmarkering på Valdres Folkemuseum, tysdag 31. mai klokka 15.00.
Alle er hjarteleg velkomne!

Program
Kl. 15.00: Tale og kransenedlegging ved Knut Hauge-bysta
Programleiar Finn Helge Lyster ynskjer velkomen, kransenedlegging ved Eivind Brenna, ordførar i Vestre Slidre kommune, musikalsk innslag ved Jan Beitohaugen Granli.

Kl. 15.30: Sal av tradisjonsmat i Kafé Valdres
Spekemat og rummegraut, kroner 185,-.

Underhaldning under bordseta
”Er vi framleis barn av dei tusen år?”, prolog ved Marit Lajord, musikalsk innslag ved Jan Beitohaugen Granli, bokpresentasjonar ved Valdres mållag og Nord-Aurdal mållag.

Andre tilbod under og etter bordseta
Jubileumsutstilling i festsalen (bøker og arkivmateriale), sal av bøker, lydbøker og helsingskort ved mållaga.

Kl. 16.30: ”Helsing frå ein lesar”, kåseri ved Olav Gullik Bø

Kl. 17.30: Underhaldning i amfiet
Slidrespretten dansar og elevar i Vestre Slidre kulturskule syner utdrag frå teaterstykket ”Pekka”, av Olav Gullik Bø.

Kl. 18.00: Kaffi og kake i Kafé Valdres

Kl. 18.30: Knut Hauge og den historiske romansjangeren
Foredrag om den historiske romanen som litterær sjanger og Knut Hauges Valdres-variant, ved professor i nordisk litteratur, Liv Bliksrud, og 1. amanuensis i nordisk litteratur, Ingeborg Kongslien, begge ved institutt for lingvistiske og nordiske studiar ved universitetet i Oslo.

Kl. 19.30: Underhaldning i festsalen
Allsong, langeleik og hardingfele.

Kl. 19.45: Spor etter skrivande menneske
Gunnar Hauge og Jahn Børe Jahnsen fortel om forfattaren Knut Hauge, slik vi kan bli kjende med han gjennom dagbøker og anna arkivmateriale.

Spørsmål om programmet kan du rette til Valdresmusea ved Ole Aastad Bråten, tlf. 61 35 99 11.

Med helsing frå jubileumskomiteen
Vestre Slidre kommune
Valdresmusea
Valdres Mållag
Vestre Slidre Historielag
Valdres Ungdomslag
Valdresbiblioteka
Gunnar Hauge og Kari Hauge

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS